torsdag 25. desember 2008

 

Firenze - Il Rinascimento italiano

Vel framme i Firenze må ein ha alle sansar med seg, og helst vera godt skodd på førehand, både teoretisk og praktisk. Dåpskapellet "Baptisteriet" San Giovanni skal vera ein av dei eldste bygningane i byen. På døra til dåpskapellet er det mange relieffbilete i forgylt bronse til å undra seg over. Her er ein liten detalj. Kan dette vera då Moses mottok dei to lovtavlene? Opphavsmannen er i alle fall Lorenzo Ghiberti , som også skal ha montert sitt eige sjølvportrett på døra, men det la eg ikkje merke til.


Fasaden på katedralen, Santa Maria del Fiore, er så rikt dekorert at det ikkje er plass til fleire detaljar. Arnolfo di Cambio starta planlgginga av av katedralen i 1296, men det var andre som fullførte fasadearbeidet, som i si noverande form ikkje var ferdig før i 1887. Her vekslar det melom kvit, grøn og rosa marmor.

I Firenze vrimlar det av kunstverk og kunstnarar frå renessansen. Her må eg velja ut nokre av dei som faste haldepunkt. Så får det skura at eg ikkje får med mange av dei andre. Her er ei førebels liste:

Arnolfo di Cambio (ca 1240 – 1300/1310) arkitekt og bilethoggar (gotisk stil)
Dante Alighieri (ca.1265 - 1321), diktar
Filippo Brunelleschi (1377 - 1446), gullsmed og arkitekt
Lorenzo Ghiberti (ca. 1378 - 1455), skulptør og kunstnar
Leon Battista Alberti (1404-1472) , humanist, arkitekt
Sandro Botticelli (ca.1445-1510), kunstmålar
Domenico Ghirlandaio (1449-1494), kunstmålar
Michelangelo Buonarroti (1475 – 1564), allsidig kunstnar
Giorgio Vasari (1511–1574), kunstmålar, arkitekt, biograf
Bartolomeo Ammannati (1563–1565), bilethoggar og arkitekt


Santa Maria del Fiore er det domierande byggverket i Firenze, ein basilika som skal ha plass til 30.000 menneske. Litt underleg å tenkja på at Giotto var arkitekten for klokketåret/kampanilen til denne katedralen, Il Duomo. Mest kjend er likevel den gedigne kuppelen på 42 m i diameter, som det var mogleg å gå opp og sjå nærare på. Inne i katedralen støyter eg på eit underleg bilete som treng næare forklaring. Kva kan dette motivet bety?

For å forstå biletet må ein gå til diktaren Dante. Biletet, som er malt av Domenico di Michelino, er ein illustrasjon til Dantes store epos "La Divina commedia". Dante held fram bokverket sitt for heimbyen Firenze, som han var bortvist frå. Med høgra handa viser han til innhaldet, som er ei reise gjennom desse 3 rika : Inferno (Helvetet) bak muren til venstre, Purgatorio (Skjærselden) med alle trinna opp til Adam og Eva på toppen og Paradiso (Paradiset) i himmelkvelvingen i bakgrunnen. Handlinga i diktverket skildrar ei lang og vanskeleg utviklingsreise frå eit liv i synd til frelse hos Gud. Til dømes må ein klatra opp dei 7 nivåa i Purgatoriet, som tilsvarar dei 7 dødssyndene, og for kvart nivå vert sjela reinsa for ei bestemt synd.

Kuppelen er konstruert ca. 1420 av Filippo Brunelleschi, som sit på sokkel med teikneutstyret sitt utanfor katedralen. Kuppelen består eigentleg av to kuplar. Den indre er bygd først utan stillas. Mellom denne og den ytre takkuppelen går det trapper som fører oss heilt opp til utsikten oppe ved "lanterna". Brunelleschi utvikla også den tekniske metoden for framstilling av perpektiv med dåpskapellet som modell. Andre renessanse-kunstnarar tok i bruk teknikken i sine maleri, som til dømes Giorgio Vasari, som utførte ein del av takmaleria. Det synest å vera trangt der øvst under kuppelen, men det er ingen fare for at nokon kjem til å falla ned. Perspektivet vart mykje brukt i renessansen, nesten som eit vitskapleg ordningsprinsipp i mange biletkomposisjonar.

Køen framfor Uffizi-galleriet er lang, sjølv om ein har kjøpt billett på førehand. Mange må inn her, mellom anna for å sjå Botticelli sine meistarverk, Våren og Venus. Men han har også etterlate seg spennande kunst andre stader der det er lettare å fotografera.

I Chiesa di Ognissanti møtest dei to store rivalane Botticelli og Ghirlandaio med kvart sitt frescomaleri. Botticelli med ei skildring av av kyrkjefaderen Augustin i det han får sin visjon, Ghirlandaio med den gamle Sankt Hieronimus, som var den første som omsette heile Bibelen frå gresk og hebraisk til latin. Mange småting i rommet er komne med, for at biletet også skal fortelja ei historie. På eit madonnabilete av Ghirlandaio finn vi Amerigo Vespucci, som seinare reiste ut og fekk namnet sitt knytt til ein ny verdensdel. Oppdragsgjevaren sin familie vart gjerne måla inn i bibelske motiv.

Fleire interessante bilete av Ghirlandaio er å sjå andre stader i byen, ikkje minst i Santa Maria Novella. Her finn eg og det kjende sentralperspektiv-måleriet til Masaccio, "Den heilage Treeininga", datert 1427. Den store læremeistaren var humanisten og byplanarkitekten Leon Battista Alberti (1404-1472), som også har namnet sitt knytt til fasaden på denne kyrkja. Når vi ser denne fasaden, spør vi oss om vi har forstått Alberti sine tankar om harmoni og orden, og at ingen del kan leggjast til eller trekkjast frå utan at resultatet vert dårlegare.

På Piazza della Signora konkurrerer statuane om å bli sett og vurdert. Michelangelo sin David står der, heilt utan å bry seg med alle turistane framfor seg, suverent hogd ut av ei einaste marmorblokk.

Lenger oppe ruvar Neptun i ein overdådig fontene med sitt faste ansiktsuttrykk, som visst nok ikkje heilt tilfeldig skal likna på Medici-fyrsten sjølv, Cosimo I den store. Statuen skal stadfesta at Firenze også har herredømme til havs. Bilethoggaren Bartolomeo Ammannati, som også var arkitekt, viser her at barokken var på veg inn i biletkunsten.

Eg hadde nesten gløymt å nemna Niccolò Machiavelli ( 1469 - 1527) som skal ha sagt: "Makt er evna til å nå sine mål, om så mot andre sin vilje og interesser." Han meinte at samfunnet treng ein sterk leiarar som må bruka makt for å skape orden. Føresetnaden er at dette skjer til alle sitt beste, men det er nok ofte ikkje tilfelle.

Bankvesenet må også nemnast. Når eg skal be om rekninga på italiensk seier eg: "Il Conto, Per Favore". Kontobegrepet kan ha endra meining, men i alle fall vart også bankvesenet utvikla i Firenze på denne tida.


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]