lørdag 22. november 2008

 

Padova. Giotto's capella degli Scrovegni

Giotto er rekna som ein av dei første biletkunstnarane som har fått namnet sitt i historiebøkene. Han er kjend for nokre av bileta i den store katedralen i Assissi, men i Scrovegnikapellet i Padova har han stått for heile oppdraget. Tidlegare var kunstnarane anonyme utøvarar som ikkje hadde høg nok status til å bli nemnde.

I Padova står det kjende Scrovegnikapellet, også kalla Arenakapellet. Kapellet er bygd for å retta på ettermælet til grunneigaren. Før vi slepp inn i kapellet, må vi roa oss ned i 15 minuttar i eit venterom. På denne måten får vi auka respekt for det kunstverket som vi er komne for å sjå.

På eit av veggmåleria ser vi at sjølve kapellet vert bore fram for å bli velsigna. Framstillinga understrekar etterkomaren til Scrovegni, som er gravlagd her, hadde eit sterkt ynskje om at han skulle bli godteken i himmelen.

Alle vegger og tak er dekorerte av Giotto og hjelparane hans i åra 1303-1305. To biletseriar på kvar av langveggene skildrar ulike hendingar i Jesu liv. Her er Maria og Jesusbarnet.

Bileta gjer det mogleg å knyta forkynninga av den religiøse bodskapen til bilethistoriane. Nedanfor ser vi at Jesus vert døypt i Jordanelva.

Bileta er er utført som freskomåleri, som stilte store krav til kunstnaren under arbeidet. Kvart biletfelt måtte gjerast ferdig medan målinga var våt. Her ser vi 4 av veggfelta.

Oppe til venstre ser vi bryllupet i Kana'n, til høgre er historia om Lasarus som vart vekt opp att, nede til venstre ser vi dei sørgjande ved Jesu grav og til høgre etter at Jesus har stått opp frå dei døde.

Kapellet har likskap med det meir kjende Sixtinske kapellet i Vatikanet. Der er også endeveggen ei skildring av dommedag med Gud som det sentrale midtpunktet. Biletet ovanfor viser berre eit utsnitt av veggen. Lenger nede til høgre er skrekkvisjon av helvetet framstillt på denne måten:

Giotto har nytta meir blått i bileta enn det som var vanleg tidlegare, ikkje minst på himmelrommet. Skildringane på bileta vert meir realistiske enn før. Personane har fleire individuelle trekk, vi kan sjå på andleta korleis til opplever det som skjer, som denne gråtande engelen over dei sørgjande ved Jesu grav.

I nokre av bileta er perspektivet er i ferd med å bli eit grunnleggjande prinsipp for biletframstillinga. Dette er kjenneteikn som vert meir og meir typiske for den store tidsepoken vi kallar renessansen.
Giotto har også teikna det spesielle klokketårnet til katedralen i Firenze, Santa Maria del Fiore.

Den store skulpturplassen i Padova, Prato della Valle, er ganske spesiell. Her er det plassert 78 skulpturar i ein stor oval ring langs ein kanal rundt plassen. På plenane innanfor ringen av skulpturar slår folk seg ned og hyggjer seg, på utsida er det marknadsplassar der det vert handla langt utover ettermiddagen.

Midt i byen står dette store palasset med ein fasade dominert av lange rekkjer av søyler, Palazzo della Ragione. Dette er tidleg renessansearkitektur av beste merke som får stor merksemd i arkitekturhistoriske framstillingar. Inne i palasset er ein stor hall kjent for det store tak-konstuksjonen . Palasset er omgitt av fleire torg med hektisk aktivitet som vert omgjort til uterestaurantar når torget er rydda for dagen. Her kan ein la inntrykka siga inn med årets aperitif som ber namnet Aperol, eit par oliven i glaset er ein interessant vri.
Ein annan grunn til å dra til Padova er å vitja den enorme Sant Antonius katerdalen dit mange reiser i håp om å bli helbreda.


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]