torsdag 1. januar 2009
Roma - eit lite glimt
Eit landemerke som ikkje er til å unngå å leggja merke til møter oss i Roma. Goethe fekk ikkje sjå dette då han nådde byen i 1786. Victor Emmanuel monumentet stod ferdig i 1911, til minne om Italias samling i 1870 og ber namnet til landet sin første konge. Her er det ikkje spart på marsipanen.
Pantheon, på Piazza della Rotonda, vart bygd som tempel av keisar Hadrian ca. år 125. Kuppelens høgde og diameter er 43,3 m. Eit solid byggverk som har stått der sidan romarriket si tid. Kuppelen har vore målestokk for seinare freistnader på å byggja noko tilsvarande.
Kyrkja Sant'Ignazio di Loyola er kanskje turens høgdepunkt, og ho er heldigvis open. Loyola grunnla Jesu selskap / jesuittordenen, som vart ein viktig organisasjon under motreformasjonen. Denne kyrkja har paven bygd til ære for han. Her skal det vera bryllup. På kyrkjetrappa ventar prest og gjester på brudeparet.
Innvendig er det rikeleg av fargerik marmor og festlege, teatralske dekorasjonar. Ein påtenkt stor kuppel vart aldri bygd. Derimot er heile taket eit kjempestort illusjonistisk maleri, malt i åra 1685 - 1694 av Andrea Pozzo. Frå dei 4 hjørnene, som representerer fire verdensdelar, stig søyler, frittsvevande menneskefigurar og englar opp mot himmelen saman med St. Iganzius. Eit meistarverk i barokk biletkunst.
Pavedømmet bygde seg stadig store byggverk, kvar helgen måtte ha si kyrkje. Arkitekten Francesco Borromini boltra seg i Roma ved å teikna mange av dei. I San Carlo alle Quattro Fontane (ca. 1640) er kuppelen ein leik med ellipseformer. I dette vesle, men høgreiste kyrkjerommet, er kunststudentar i aktivitet med skisseblokkene sine.
Etter alle desse himmelstrevande kyrkjene må vi ned att på jorda. Ute på gata, midt i folkelivet, jobbar livskunstnarane for levebrødet ved å kopiera dei store meistarane. Eit kompetent publikum har sjølvsagt sett originalen til dette maleriet før, og ser den høge kvaliteten på kopien. Kven kan ha malt dette? (Hollendaren Jan Vermeer 1666, som vert rekna som ein av dei store innanfor barokk biletkunst).
Det fører sjølvsagt for langt å dra fram inntrykk frå Forum Romanum, Capitol, Collosseum og Vatikanet. Ei lang rekkje med romerske keisarar og dei mektige pavane som plukka ned marmoren får dei romerske byggverka kunne vore nemde, men året som gjekk har alt gått med med til ettertanke og fordjuping etter den italienske reisa. Donato Bramante, Pietro da Cortona, Gianlorenzo Bernini, Rafael og Caravaggio skulle vore nemnde, og Renzo Piano.

Sjå også ein tilsvarande skulptur i Pesaro, Summer 2007 :
Pavedømmet bygde seg stadig store byggverk, kvar helgen måtte ha si kyrkje. Arkitekten Francesco Borromini boltra seg i Roma ved å teikna mange av dei. I San Carlo alle Quattro Fontane (ca. 1640) er kuppelen ein leik med ellipseformer. I dette vesle, men høgreiste kyrkjerommet, er kunststudentar i aktivitet med skisseblokkene sine.
Etter alle desse himmelstrevande kyrkjene må vi ned att på jorda. Ute på gata, midt i folkelivet, jobbar livskunstnarane for levebrødet ved å kopiera dei store meistarane. Eit kompetent publikum har sjølvsagt sett originalen til dette maleriet før, og ser den høge kvaliteten på kopien. Kven kan ha malt dette? (Hollendaren Jan Vermeer 1666, som vert rekna som ein av dei store innanfor barokk biletkunst).Her sluttar forteljinga om mi italienske reise 2008.
PS.
Må ta med denne skulpturen som står i Vatikanet: "Sphere Within a Sphere" av Arnoldo Pomodoro:
Sjå også ein tilsvarande skulptur i Pesaro, Summer 2007 :
Abonner på Kommentarer [Atom]