tirsdag 9. desember 2008

 

Vicenza og Palladio

Vicenza ligg i det området som i en periode var under Venezia sitt herredømme. I fleire av byane ser vi dei same symbola som i Venezia, sentralt plassert på høge søyler med dei to vernehelgenane St. Marcus symbolisert med den karakteristiske løvefiguren og St. Theodor på ein drake. Her i Vicenza er St. Theodor erstatta med Vårherre, som ber på jordkula.

I år er det 500 år sidan arkitekten Andrea Palladio vart fødd. Kvifor har dette jubileumet vore markert? Sikkert fordi han har sett varige spor etter seg. I Vicenza finn vi eit av monumenta etter han , Basilica Palladiana. Andrea Palladio henta motiv frå romerske byggverk som han nytta i sin eigen arkitektur. Fasadar med opningar i veggflatene som har likskap med romerske triumfbogar er særleg typiske. Desse fasademotiva, som er vanleg å sjå i Venezia og elles i Veneto-området, har også vorte kalla venezianske vindauge.

Denne bygningsarven er sjølvsagt å finna på UNESCO-lista. I seinare år har det vore gjort ein stor innsats for å restaurera og halda vedlike desse historisk viktige anlegga. Ein del av bygningen er skjerma bak presenningar. På informasjonstavler kan vi lesa om korleis arbeidet ver gjort. Steinen vert reingjort etappevis.

Det er gjort grundige studiar av konstruksjonen på førehand. Illustrasjonar basert på ein datamodell viser kva teknisk tilstand bygningen har. Heile kopartaket er i ferd med å bli skifta ut.

Viktige trekk ved Palladio sin arkitektur er symmetri, proporsjonar og harmoni. Ein inngangsportal (porticus) er plassert midt på hovudfasaden til bygningane, som gjerne også har symmetriske sidebygningar. Palazzo Chiericati er eit av dei monumentala byggverka av Palladio som no er i bruk som kunstmuseum. Omtalen av denne bygningen må vi nyta på italiensk:
"Questo palazzo, uno dei più originali de interessanti del Palladio, venne iniziato nel 1550. La facciata dell'edificio è composta de un portico al pianterreno e da un piano nobile, quest'ultimo costituito da un corpo di fabbrica centrale, - in cui si aprono cinque finestre -, e dai due loggiati laterali che l'affiancano."
Denne bygningen, en av de mest interessante av de opprinnelige fra Palladio, ble påbegynt i 1550. Fasaden til bygningen er sammensatt av en Portico i første etasje og en hovedetasje:Piano Nobile. Sistnevnte består av en bygning sentralt med fem vinduer og to arkader som flanker på hver side.

Palladio sin arkitektur fekk stor innverknad på byggjestilen i England og USA på 1800-talet og har til og med vorte karakterisert med begrepet palladianisme. I London finn ein mellom anna Whitehall , og i Washington har presidentbustaden Det kvite hus også arva noko frå Palladio.

Det kongelege norske slottet vart til på om lag same tida (arkitekt Linstow 1823), og vi finn att det trekanta gavlmotivet med søyler sjølv om andre delar av fasaden har ein litt annan karakter. Vi kan vel kalla dette for nyklassisisme.

Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]