tirsdag 30. desember 2008
Siena - eit høgdepunkt
Kvifor står ulven også her i Siena? Jau, det var ein av sønene til Remus som grunnla Siena. Altså var ulvemora bestemor hans?
Katedralen ligg på det høgaste punktet og er altså det viktigaste ein bør sjå i denne byen. Den er i gotisk stil, bygd mellom 1215 og 1263. Ved sida av katedralen ser vi ei storstilt utviding der to av veggene er nesten ferdige, men utvidinga vart skrinlagt då svartedauen kom i 1348 og utrydda 4/5 av innbyggjarane i byen.
Golvmosaikken inne i katedralen er frå perioden 1372-1547 og uvanleg rik. Her er det ikkje berre marmorflisar i ulike fargar og mønster, men detaljerte biletframstillingar frå det gamle testamentet og dramatiske scener som denne: Matteo di Giovanni sitt motiv "Massakern på dei uskuldige" (1481).
Kuppelen har enkle stjernemotiv som har ei nesten magisk tiltrekningskraft på tilskodaren på grunn av ein optisk illusjon, også kalla Trompe-l'œil. I biblioteket, Libreria Piccolomini, er taket malt i eit svært detaljert mønster rundt ein serie biletmotiv og ein inskripsjon som viser at dette arbeidet vart utført for pave Pius III. Her er fotografering med blitz absolutt forbode, men eit diskret videokamera kan likevel fanga noko av denne biletverda.
I biblioteket er ein del av pave Pius II sine fargeillustrerte bøker utstilte, og på veggene rundt i rommet er det store freskomaleri av Pinturicchio (opprinneleg namn Bernardino di Betto, 1454 – 1513) som fortel om viktige hendingar i paven sitt liv. Sant Andrea della Valle er neste stopp - i Roma, der er både Pius II og III gravlagde.
Før han vart pave hadde han ei stilling som sekretær for eit slags Europaråd, og han var kanskje ein av dei første som i praksis brukte namnet på det området som no er verdelsdelen vår.
I bakgrunnen på fleire av frescomaleria (utført1502-08) til Pinturicchio ser vi at landskapet kome med. Her er eit lite utsnitt:
Duccio di Buoninsegna sitt meistarverk, ei altertavle med mor og barn som hovudmotiv, utført i typisk byzantinsk tradisjon (1308-1311), skal vera å finna i katedralen, men slike motiv er ikkje lenger uvanlege for oss, når det etter kvart er blitt vanskeleg å telja alle kyrkje- og museumsbesøka. Nokre av alterbileta er forresten kjøpt og plassert på museum andre stader i verda eller blitt så "verdifulle" at dei er hamna i privat eige.

I bakgrunnen på fleire av frescomaleria (utført1502-08) til Pinturicchio ser vi at landskapet kome med. Her er eit lite utsnitt:
Abonner på Kommentarer [Atom]