lørdag 27. desember 2008
Kultur og landskap i Toscana
Turen held fram gjennom det bakkete landskapet i retning mot den spesielle pavebyen Pienza. Byen er eit eksempel på ein gjennomført renessansebyplan.
Rundt det sentrale torget, Piazza Pio II, ligg domkyrkja, Palazzo Piccolomini med hageanlegg og rådhuset, konstruert av arkitekten Bernardo Rossellino (1409-1464), som hadde vore elev av Leon Battista Alberti. På ei informasjonstavle ser bykjernen slik ut:
På ein ny stopp i vegkanten ser vi ut over meir og mindre gulfarga kornåkrar. Kvar vart det av alle druene?
Montepulciano dukkar opp på ein bakkekam med pilgrimskyrkja Chiesa Madonna di San Biagio (1529) nedanfor byen til høgre på biletet. Denne kyrkja har vore diskutert i ein strid om kva grunnplan ei kyrkje helst skal ha, gresk eller latinsk krossform.
Den sentrale torgplassen Piazza Grande gjer inntrykk. Rådhuset er nesten ein kopi av det store Palazzo Vecchio i Firenze. Arkitekten og billethoggaren Bartolomeo Ammannati frå Firenze planla katedralen, men planane vart endra og fasaden vart aldri ferdig. Den gamle brønnen på plassen er pryda med ein skulptur.
Montepulciano har stått på Firenze si side og hevda seg mot Siena sin dominerande posisjon i dei andre småbyane her omkring. Byen har ein solid festningsmur, og herifrå får vi oversikt over kulturlandskapet utanfor byen.
"Montepulciano-druen gir viner som er usedvanlig mørke i farge i forhold til deres relativt myke og fruktige karakter. Det er lett å bli lurt av dette ..... som regel er den bløt og fruktig med sødmefull bærfrukt, og langt ifra så konsentrert som fargedybden skulle tilsi. Jeg har derfor ved flere anledninger omtalt viner basert på Montepulciano ved å vrenge litt på et gammelt og godt ordtak, som "et får i ulveklær".
Ei forklaring er at byen Montepulciano ikkje ligg i regionen Abruzzo, men i Toscana. Den lokale vinen derimot kjem i hovudsak frå Sangiovese-drua og går under namnet Vino Nobile di Montepulciano.
Abonner på Kommentarer [Atom]