torsdag 11. desember 2008

 

Ferrara - ein renessanseby

Byen Ferrara ber preg av å ha hatt ein krafig vekstperiode i slutten av mellomalderen og utover i renessansen inntil han stagnerte på 1600-talet. Den sterke fyrstefamile Este, som styrte byen i over 300 år, la store planar for å utvida byen. Byplanen var så ambisiøs at eit stort område i den nordre delen innanfor ein ny 9 km lang festningsmur framleis ikkje er utbygd.


Typisk er at renessansebyen har breie hovudgater og store kvartal. I den eldre delen er gatene smalare og mindre regelmessige. Vi legg også merke til at ein del av byveksten i nyare tid har skjedd på andre sida av festningsmuren og elva i kortare avstand frå jernbana. Midt i byen var fyrsten godt skjerma i den store festningen Castello Estense (1385) med ei vollgrav omkring. Katedralen, rådhuset, fleire palass, kyrkjer og torgplassar /piazza ligg nokså tett samla her.

Hoffarkitekten var Biagio Rosetti. Mykje kan tyda på at han var påverka av den meir kjende Leon Battista Alberti (1404-1472). Alberti var ein av dei som hadde store kunnskapar i mange fag og som skreiv bøker om kunst, arkitektur og byplanlegging, og han var rådgjevar for paven i Roma. Nyleg er det også gjort funn som tyder på at det eigentleg er Alberti som står bak den kjende illustrasjonen av "idealbyen", som til no har vore rekna som Piero della Francesca sitt verk.


Alberti la vekt på at ein by må formast med omsyn til landskapet omkring og at nye bygningar bør tilpassast dei gamle. Hovudgater bør vera breie, men andre gater bør gjerne vera mindre regelmessige for å gje byen eit variert preg. Plassar og byrom der folk møtest må ha høg kvaliet og gjerne ha fontener, skulpturar og bygningsfasadar med søyler og arkadar. Monumentale bygningar sin plass i bybiletet kan også vera avgjerande. Og når alle bygningsformer framstår som ein heilskap av harmoniske proporsjonar der ingen del kan leggjast til eller trekkjast frå utan at resultatet vert dårlegare, har byen fått si optimale utforming. Kunne vi sagt det betre i dag?


Ferrara har ikkje noko slektskap med bilmerket Ferrari, men er derimot ein by der mange brukar sykkelen, altså ein sykkelby. Politi på sykkel er difor sjølvsagt også vanleg å sjå, som her utanfor rådhustrappa.

Langs festningsmuren er det bygd ein effektiv sykkelveg der syklistane ikkje kjem i konflikt med andre trafikantar. Her kan ein også unngå gatesteinen, som det er mykje av inne i sentrum av sykkelbyen som her i Corso Martiri della Libertà.

Parkeringsanlegga i byen kan tilby trillebag og paraply til utlån. Det kunne nok vore ein idé fleire stader.


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]