mandag 24. november 2008

 

Venezia. Kulisser, karneval og klimautfordring

I Venezia er pesten er kommersialisert, karnevalsutstyr er å få kjøpt heile året.


I middelalderen hadde pestdoktaren på seg ei maske med langt nebb for å verna seg mot smitte. I dag kan du kjøpa ei slik maske til karnevalet eller som souvenir. Mange spør om byen blitt eit teater, eit slags Disneyland eller ein by dit folk reiser for å kunne fortelja at dei har vore der. Er dei historiske bygningane berre kulisser omkring dei mange turistane som besøkjer byen kvart år?

Venezia er i alle fall ein bilfri by, ein by for fotgjengarar. Nettopp det er eit stort pluss. Ingen annan større by i Europa kan tilby noko liknande. Byen har også eit spesielt kollektivtrafikktilbod. Sjøbussar, vaporetti, trafikerer mellom flytebryggene på dei største kanalane. Det går også båtrute direkte til og frå flyplassen. Ombord i vaporettoen kan ein oppleva båttrafikken på nært hald og studera dei mange spesielle husfasadane langs med kanalane.

Mange av palassbygningane er forma i ein eigen veneziansk stil. Vi veit at spisse bogar er kjenneteikn for den gotiske stilen, som vart mykje nytta på 1200-1400-talet. I Venezia har gotiske bygningsfasadar gjerne svalgangar bygde med slanke søyler der dei spisse bogane mellom søylene har ei karakteristisk trekløverutforming. I tillegg kjem dei typiske firkløverforma vindaugo, som er med på å gjera veggene opnare og meir dekorative. Dei finaste representasjonslokala bak desse staselege fasadane ligg i piano nobile (2. etasje) der det er fin utsikt ned på kanalen.

Ein gondoltur høyrer sjølvsagt med for dei som tek seg råd til det. "O Sole Mio" står ikkje på repertoaret ombord, men denne unike reiseopplevinga på det skvulpande blågrøne vatnet og lyden frå gondolieren sine åretak kan vera verdt å betala for. Vel inne på ei av bruene over Canal Grande lyder det sirener som overdøyver alt anna ei kort stund. Byens brannvesen må ta seg snøgt fram på kanalane når dei rykkjer ut. Då skvett gondolar og småbåtar til sides inntil brannbåten har passert, men når bøljene har lagt seg, kan livet på kanalen venda attende til det meir normale. Og litt seinare kjem brannbåten attende i sakte fart og stadfestar at faren er over for denne gongen.

Vi står på Ponte de l'Accademia og kan tre inn i Galleriet for å sjå det gåtefulle maleriet "La Tempesta" av Giorgione, eit motiv som ingen førebels har forstått full ut. Nokon lurer på om det er ein illustrasjon til ei histore frå antikken, men andre meiner at det er landskapet som uttrykkjer den viktigaste meininga i biletet. Her er ikke landskapet berre ein bakgrunn som i eldre målarkunst. Både motivet og fargebruken har gjort biletet særleg interssant. Bruken av oljefargar hadde Giorgione fått kjennskap til av Antonello da Messina, som hadde vore i Nederland. I "La Tempesta "(Uværet) kjem nyansane og lysverknaden i oljefargane godt fram sjølv om biletet er strengt forvart i en monter bak ei tjukk glasplate inne i galleriet.

Det vert påstått at "La Tempesta" er det første eigentlege landskapsmaleriet i historia. Fargar og skuggeeffektar er med på å gje romverknad i biletet, og framgrunn og bakgrunn heng saman utan å vera konstruert.
Andre målarar i den såkalla venezianske renessansen byggjer vidare på Giorgione sitt biletspråk. Tiziano Vecellio er kanskje den som meistra fargebruken i bileta betre enn dei fleste. To av dei store altertavlene hans står i kyrkja Santa Maria Gloriosa dei Frari. Bilete vart som regel måla på oppdrag frå fyrstar og rike familiar. Ein religiøst bodskap vart meir aktuelt dersom oppdragsgjevare sin familie eller det lokale landskapet vart plassert inn i det bibelske motivet. I Tizians altertavle med tittelen "Madonna med helgenar og medlemmer av Pesarofamilien" er også Sankt Peter og Frans av Assisi tilstades saman med Pesarofamilien og Maria med Jesusbarnet.

Tizian er også representert i den godt synlege kyrkja Santa Maria della Salute (1681), som for tida har storparten av kuppelen innhylla i eit stillas. Merkeleg at dei store og tunge konstruksjonane ikkje alt har sige ned i kanalen. På ein kveldstur med kanalbussen tek den prektige kyrkja til Baldassare Longhena seg slik ut.

Neste dag blir ein spennande runde til fleire av dei andre kyrkjene før vi er framme ved St. Marcuskyrkja, som er full av turistar. På plassen utanfor er det freistande å slå seg ned på ein av kafeane som har levande musikk. Her er det lett å kvitta seg med nokre Euro.

Men i skrivande stund, 1. desember 2008, kan ein berre drøyma om kafelivet og kammermusikken på Marcusplassen. Vatnet står 140 cm over normalen, og det trengst meir enn gummistøvlar for å ta seg fram på plassen. Største springfloa på 22 år står det i avisa.

Utsiktene for dei næraste dagane er betre, men kva med dei komande åra? Kor lenge kan Venezia halda seg over vatnet? Havet stig og noko må gjerast. Det har dei faktisk også tenkt på rundt Bergen. De røde strekene på kartet viser steder hvor dette er aktuelt, fra Brattholmen i sør, Askøy, Herdla og til slutt Knarvik-området. Stenger man disse stedene så har man beskyttet hele det gult merkede fjordsystemet, sier Gert A. Gundersen, administrerende direktør i Grieghallen og prosjektleder. "La heller naturen gå sin gang" er ein av kommentarane.

Klimautslepp kan reduserast ved å erstatta biltrafikk med bruk av sykkel. Det er verdt å merka seg at Leonardo da Vinci hadde sans for sykkelen, og han har teikna sin versjon, som var å sjå på ei utstilling saman med diverse andre underlege innretningar.




lørdag 22. november 2008

 

Padova. Giotto's capella degli Scrovegni

Giotto er rekna som ein av dei første biletkunstnarane som har fått namnet sitt i historiebøkene. Han er kjend for nokre av bileta i den store katedralen i Assissi, men i Scrovegnikapellet i Padova har han stått for heile oppdraget. Tidlegare var kunstnarane anonyme utøvarar som ikkje hadde høg nok status til å bli nemnde.

I Padova står det kjende Scrovegnikapellet, også kalla Arenakapellet. Kapellet er bygd for å retta på ettermælet til grunneigaren. Før vi slepp inn i kapellet, må vi roa oss ned i 15 minuttar i eit venterom. På denne måten får vi auka respekt for det kunstverket som vi er komne for å sjå.

På eit av veggmåleria ser vi at sjølve kapellet vert bore fram for å bli velsigna. Framstillinga understrekar etterkomaren til Scrovegni, som er gravlagd her, hadde eit sterkt ynskje om at han skulle bli godteken i himmelen.

Alle vegger og tak er dekorerte av Giotto og hjelparane hans i åra 1303-1305. To biletseriar på kvar av langveggene skildrar ulike hendingar i Jesu liv. Her er Maria og Jesusbarnet.

Bileta gjer det mogleg å knyta forkynninga av den religiøse bodskapen til bilethistoriane. Nedanfor ser vi at Jesus vert døypt i Jordanelva.

Bileta er er utført som freskomåleri, som stilte store krav til kunstnaren under arbeidet. Kvart biletfelt måtte gjerast ferdig medan målinga var våt. Her ser vi 4 av veggfelta.

Oppe til venstre ser vi bryllupet i Kana'n, til høgre er historia om Lasarus som vart vekt opp att, nede til venstre ser vi dei sørgjande ved Jesu grav og til høgre etter at Jesus har stått opp frå dei døde.

Kapellet har likskap med det meir kjende Sixtinske kapellet i Vatikanet. Der er også endeveggen ei skildring av dommedag med Gud som det sentrale midtpunktet. Biletet ovanfor viser berre eit utsnitt av veggen. Lenger nede til høgre er skrekkvisjon av helvetet framstillt på denne måten:

Giotto har nytta meir blått i bileta enn det som var vanleg tidlegare, ikkje minst på himmelrommet. Skildringane på bileta vert meir realistiske enn før. Personane har fleire individuelle trekk, vi kan sjå på andleta korleis til opplever det som skjer, som denne gråtande engelen over dei sørgjande ved Jesu grav.

I nokre av bileta er perspektivet er i ferd med å bli eit grunnleggjande prinsipp for biletframstillinga. Dette er kjenneteikn som vert meir og meir typiske for den store tidsepoken vi kallar renessansen.
Giotto har også teikna det spesielle klokketårnet til katedralen i Firenze, Santa Maria del Fiore.

Den store skulpturplassen i Padova, Prato della Valle, er ganske spesiell. Her er det plassert 78 skulpturar i ein stor oval ring langs ein kanal rundt plassen. På plenane innanfor ringen av skulpturar slår folk seg ned og hyggjer seg, på utsida er det marknadsplassar der det vert handla langt utover ettermiddagen.

Midt i byen står dette store palasset med ein fasade dominert av lange rekkjer av søyler, Palazzo della Ragione. Dette er tidleg renessansearkitektur av beste merke som får stor merksemd i arkitekturhistoriske framstillingar. Inne i palasset er ein stor hall kjent for det store tak-konstuksjonen . Palasset er omgitt av fleire torg med hektisk aktivitet som vert omgjort til uterestaurantar når torget er rydda for dagen. Her kan ein la inntrykka siga inn med årets aperitif som ber namnet Aperol, eit par oliven i glaset er ein interessant vri.
Ein annan grunn til å dra til Padova er å vitja den enorme Sant Antonius katerdalen dit mange reiser i håp om å bli helbreda.


This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]