mandag 13. oktober 2008

 

Opera - Aida i Verona.

Juni 2008
Goethe har skrive om sitt besøk i Verona 15. september 1786:
"Amfiteateret er altså det første betydelige monument jeg ser - og så godt det er bevart! Da jeg gikk inn, og enda mer da jeg gikk rundt oppe på kanten, hadde jeg en underlig følelse av noe stort og likevel egentlig ingenting. Det bør da heller ikke sees tomt, men helt fullt av mennesker".
Altså slik det var i Arenaen denne kvelden i juni 2008.


Opera er populært i Italia. Dei har mange operaverk å velja mellom på morsmålet sitt og eit stort publikum som kjenner operalitteraturen. Handlinga i mange av operaene kan vera enkel og utdatert i høve til verdiar og tema som vi er opptekne av i dag. Men som uttrykksform, ein kombinasjonen av musikk, songkunst og teater har operaen framleis appel til ein del av oss.

Den romerske arenaen i Verona er kjend for sine operaframsyningar i sommarsesongen. Mykje av byggverket utvendig er fjerna og brukt til andre byggjeformål opp gjennom hundreåra slik det også har skjedd med Collosseum i Roma. Arenaen har plass til ca. 20.000 tilskodarar. Ca. 1/4 av plassen går med til scenearrangement.


Operaen Aida av Guiseppe Verdi går føre seg i Egypt. Vi ser ned på scenen der det står ein portal med løvefigurar, ei rad med søyler og 2 obeliskar med innskrifter på. Framsyninga startar ca. kl. 21. Arenaen er nesten fullsett. Dei dyraste billettane kosta nesten 200 Euro, men høgare oppe på tribuna var billettprisen rundt 25 Euro. På den lysaste årstida startar framsyninga før mørket fell på. Etter gammal tradisjon får vi utlevert stearinlys for å kunne lesa i progamheftet.

Det mørknar fort etter at framføringa har teke til, og dramaet på scenen utviklar seg. Aida, som framstiller ei slavinne frå Etiopia får stor applaus etter sine gripande solonummer.

Guiseppe Verdi skreiv mellom anna fleire operaer med politisk bodskap som appelerte til italiensk nasjonalkjensle. Ein av melodiane i "Nabucco" har vore nytta som fedrelandssang for italienarane, og då syng alle med. I Aida er det store opptrinn for å feira ein ein militær siger.

Eit utruleg opptog av medverkande marsjerer inn på scenen til kjent og taktfast musikk. Her når operaframsyninga eit klimaks.

Også tribuna bak scenen vert teken i bruk, både til korgrupper, hornblåsarar og meir dramatiske effektar som desse soldatane med faklar.

Etter pausar og fleire akter går det som det ofte går i opera. Dei to hovudpersonane går i døden og musikken stilnar av. Då er klokka 01.30 og vi går i flokk og følje for å finna den bussen som ventar på å bringa folk til rett hotell.


Meir opera i Roma

Operaen Tosca av Giaccomo Puccini går føre seg i Roma og vart synt fram av eit italiensk operaensemble som gjesta Drammen teater 20.oktober. Den italienske reisa slutta først her i og med at første akt i operaen går føre seg i den "teatralske" kyrkja St. Andrea della Valle, som vart besøkt den siste dagen på reisa i Roma.

Goethe var inne i denne mektige kyrkja på si reise i 1786 og skriv at han merka seg freskene av Domenichino oppe i den store kuppelen, som er den nest største i Roma. Arkitekten Carlo Maderno (1556-1629) hadde også ansvar for fasaden på Peterskyrkja.

Sidekapellet Attavanti finst ikkje i kyrkja, berre operaen. Her er Tosca på scenen (i Drammen teater) saman med motspelaren Scarpia.

"Kulissene" i Sant Andrea della Valle har meir å by på. Mest påtrengjande er dei store veggmaleria av kunstnaren Matti Preti, også kalla Calabrese , som mellom anna viser krossfestinga av apostelen Andreas. Eit typisk kjenneteikn for apostelen Andreas er at krossen har X-form. Her er ein detalj frå veggmåleriet.


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]